OM OSS:
Vareld Skyttarlag vart skipa jonsokafta, 23.juni 1887. I den gamle møteboki er det fortalt at dei fyrste hadde premiskyting på "Skydebanen i Fergevåg". Der etter samlast dei på garden Skjelnæs og skipa skyttarlaget. Dei gjorde med same vedtak om å melda laget inn i Hordaland Folkevæbningssamlag. At dei kallar det "Skydebanen i Fergevåg" tyder på at dei hadde hatt skyting der tidlegare. På skipningsmøte vart dei samde om å laga eit lagsstyre på 5 mann Det skulle ogso vera 5 varamenner. Styret skulle seg i mellom velja formann, nestformann, kasserar og "Vaabenmester" m.m Dei gjorde ogso vedtak om at laget skulle ha ein æreslem. Og samrøystes valde dei Erik H. Skjelnæs. Han hadde vore lærar og kyrkjesongar i Varaldsøy frå 1851-84. Frå 1868 hadde han ogso vore postopnar og dampskipsekspeditør. Han var ombodsmann for Strandebarm Sparebank i omlag 50 år, og han var på alle vis ein truver tenar, og ein staskar som dei sette pris på å heidra ved ei slik utnemning. I alt arbeid han hadde utført, ser det ut til at det finst berre ein feil me kan finna - og det var at han kalla yngste son sin Erik når han heitte Erik sjølv. Folkehumoren lever alltid på det at han har "ein skjelm bak øyra". Difor sa ikkje alltid folk Vetl-Erik og Stor Erik, men dei kalte gamleklokkaren og bygdi sin heidersmann, kort og godt Gaml-Erik. Dette namnet vart so vanleg at det vart reine heidersnamnet. Og eg kan hugsa at eg i ungdommen møtte mange eldre Varaldsøyingar som skrytte av at dei hadde hatt Gaml-Erik som lærar. Etter røystetalet kan ein rekna ut at det var minst 30 mann på skipingsmøte. Til styret vart desse valde: Nils Skogseide, E. Olsen, N.O. Skjelnes, Thorbjørn Trå og Ivar Sjursen Skjelnæs. (Ivarsneset). Styret valde seinare E. Olsen som formann, N.O. Skjelnes som nestformann og kasserar og Ivar Sjursen Skjelnæs som "Våbenmester" Fyrste varamann for styret vart Gaml-Erik. So kom H.E. Skjelnes, H.S. Skjelnes, A.J. Kjærevik og Ola N. Dybsland.

Tillitsvalde 2017

Lars Øye museet

Kartinformasjon

Formenn frå 1887

Heidersutmerkingar

Skytebanar