Skytebanar
Den fyrste skytebanen låg i Fergevågen på sør sida av øya. Der skaut dei på 100 og 200m. Det var berre ein mann som skaut om gongen, og all skyting var ståande, så det var ingen vanskar med standplass. Skyteskiva var ein stor stein som var reist på høgkant, skiva var 9 delt. Markøren måla over treffane med ein måling-klatt. Denne steinen skaut dei på frå tidleg på 1880åra og fram til slutten av 1887. Dei gjekk då over til pappskiver som dei kjøpte for kr 1.- pr. stk. Den gamle steinskiva står i dag oppsett på skytebanen vår på "Gjuvslandsfeta" I 1891 vart det meir fart i skytebaneutbygginga, då kom det skriv frå Forsvarsdepartementet om bygging av kommunale skytebanar på 200,400 og 600m. Det var naturleg nok vanskeleg å finna banegrunn når ein skulle skyta på så lange hold som 600m. derfor vart det ikkje gjort noko med banespørsmålet før i 1896. I 1896 vart det vedteke at det skulle byggjast ny bane med 200m hald. Den nye banen låg i "Haukåslia", sentralt i hovudbygda. Det var svingskive, slik dei brukte det i den tida. Skulle dei skyta på 100m måtte dei rykkja fram til ny standplass. I 1917 vart det bestemt at dei skulle ha ei skive på 400m. det vart ikkje bygd grav til markørane, som måtte springa 20-30m tilsides å gøyma seg bakom ein stein. Verre vart det når dei skulle anvisa, skiva var 2m høg og måtte stå ein del over bakkenivå, og dermed vart det så høgt til øvste delen på skiva at småkarane som skulle markera ikkje rakk opp og fekk klistra. For å løysa dette vart det laga ei hengsla skiverame som kunne svingast framover for klistring. Det var ein tungvint bane, så diskusjonen gjekk om å finna eit nytt baneanlegg. Banen var i bruk til 1923. Hausten 1922 vart arbeidet med å byggja ny bane på "Gjuvslandsfeta" sett i gong. Det var teke opp banklån på kr 600.-, det vart sett opp dugnadsliste der 18 mann skreiv seg på. 24 juli 1923 kunne formannen i baneutvalet Johs. A Haukås senda ferdigmelding til skyttarkontoret at no var banen ferdig til bruk, og at dei kunne betala ut statstilskotet. Statstilskotet vart utbetalt med kr.745.- Det var no opparbeid standplass,grav på 600m med plass for 2 skiver.grav på 400m med plass for 3 skiver, og grav på 200m med plass for 3 skiver. ( 100m og 300m kom ikkje med i banelova før etter 1926). I 1927 vart det reist eit stort og teneleg skyttarhus bak standplass, og i mangel på ungdomshus i bygda på den tida vart huset ofte nytta til dans om summaren. Huset stod heilt fram til 1986 då siste restane vart reve for å gje plass til eit nytt og betre hus. I 1927-28 vart det bygd 100m grav med plass for 4 skiver (1m). I 1953 vart 300m grava ferdig med plass for 6 skiver. Skytebanen på "Gjuvslandsfeta" var på leigekontrakt heilt fram til 1968, laget fekk etter dette ikkje fornya kontrakten. Laget kom no i ein vanskeleg situasjon, og for å halda lagsvirksomheita oppe måtte ein finna provesoriske banar i bygda. Den fyrste banen laget hadde var på "Tveitestølane", der vart det skote på 100 og 200m. "Tveitestølane" brukte laget i sesongen 1971-72. I 1973 flytta laget til ein ny provisorisk bane i Sandvik. Her vart det skote på 100 og 300m. I 1977 vart det klart at laget kunne flytta tilbake til skytebanen på "Gjuvslandsfeta". Laget tok no eit stort lyft med å byggja ut ny grav på 300m med plass for 10 skiver, reperasjon av 100m grava og ny standplass med overbygg. Banen har i dag 2stk elektroniske skiver på 300m(294m) og 100m.( Kongsberg mikroelektronikk a/s) Det er oppsett skyttarhus med innlagt straum. Det som står for tur til å gjera no er isolering av standplassoverbygget og utviding av parkeringsplassen. Banen ligg lunt til i terrenget, lite utsett for vind, skyteretningen er sør -nord. Banerekorden har Arne Engevik frå Stord med 348 pt. Skyttarlaget vil på sikt utvida anlegget med fleire elektroniske skiver.

Tillitsvalde 2018

Lars Øye museet

Kartinformasjon

Formenn frå 1887

Heidersutmerkingar

Skytebanar