Lars Øye museet
Lars Øye var ein ivrig og framifrå god skyttar. Gjennom eit langt liv vart det ei stor samling med premiar og pokalar frå ulike skytekonkurransar. Denne premiesamlinga finn du no på Lars Øye Museet i Øyetunet. Lars Øye døydde i 1993. Lars Øye var fødd på Øye på Varaldsøy 13.juli 1903. Han vart tidleg interessert i skyttarsporten, mykje på grunn av at far hans var ein ivrig skyttar. Så langt tilbake i tid var det og heilt nødvendig å gå på jakt for å spe på hushaldninga. Lars var medlem i Vareld Skyttarlag frå 1917 til 1926 då han flytte til Odda. Der fekk han seg arbeid i industrien og seinare som lærar. Utanom innsatsen under krigen er Lars mest kjent for si store interesse for skyting. Han var ein særs dugande skyttar og han la ned mykje arbeid innan organisasjonslivet i skyttarmiljøet. Etterkomarane til Lars har gjeve Vareld Skyttarlag den store premiesamlinga han etterlet seg. Gåva vart opptakten til museet i Øyetunet. Museet vart opna laurdag 4.juli 1998. Etterkomarane til Lars var tilstades på opninga og dei uttrykte glede over at premiesamlinga no var komen heim . Skyttaren Lars Øye Far til Lars Øye som og heitte Lars, var ein ivrig skyttar på slutten av 1800 talet. Dette var nok spiren som fekk unge Lars til å interessera seg for skyttarsporten. Det kan nok trygt seiast at han var oppteken av alt som small. Lars Øye kom tidleg med i skyttarlaget på øya. I byrjinga var det anvisararbeid han vart sett til, men som betaling fekk han skyta nokre skot etter endt arbeid i grava. Det skulle snart visa seg at Lars hadde ualminneleg gode anlegg for å bli ein god skyttar, ikkje minst i hurtigskytig og den feltmessige delen av skyttarsporten. Det vitnar den store premiesamlinga her om. Lars skaut for Vareld Skyttarlag frå 1917 og fram til 1926 då han flytte til Odda. I Odda vart han formann i laget i 1930 og med korte avbrekk leia han laget i 29 år. Det var likevel som samlagsformann i Hardanger & Voss han vart mest kjent. Her sat han som formann samanhengande i 35 år frå 1936 til 1970. I Vestlandskrinsen var han formann i 20 år fram til 1968. Han gav ut bladet Skyttarsamlaget som starta som medlemsblad for Hardanger & Voss, men som og seinare fekk med seg Sunnhordland. Haukelistemna fekk han i stand fyrste gongen i 1949. Denne stemna har sidan vore årviss og samlar framleis skyttarar frå heile Sør Noreg. Vestlandske Vinterfeltstemne var og Lars Øye sitt verk. Dette er den noverande Hordastemne i felt. På Hordastemne i baneskyting har det sidan 1970 vore skote om Lars Øye-medaljen på lags- og samlagskytingane. Sjølv var Lars Øye ein framifrå god snøggskyttar. På landsskyttarstemet i 1939 vann han stuparen . Han fekk tilsaman 23 stuparbeger og 32 stangbeger på landsskyttarstemnene. Han var to gonger samlagsmeister i baneskyting. Lars Øye var og føregangsmann for å få oppretta Dugleiksmerkeskytinga i Det Frivillige Skyttarvesen. Programmet som vart utforma på skyttartinget i 1939 er stort sett det same som er i dag. Lars Øye fekk Det Frivillige Skyttarvesen sin høgaste utmerking D.F.S. fortjenestemedalje i 1960. Motstandsmannen Lars Øye Då krigen kom til Noreg 9. April 1940, stod det heilt klart for Lars Øye at dette skulle ikkje eit fritt land finna seg i, her skulle det kjempast. Han hadde ei mengd våpenføre skyttarar rundt om i laga, frå Varaldsøy i vest til Røldal i aust. Det gamle slagordet om at skyttarsak er forsvarssak vart med rette sett ut i livet av Lars Øye då krigen kom. Han mobiliserte skyttarlaga. Dette gav gode resultat i arbeidet med å seinka den tyske framrykkjinga i Hardanger. Seinare samla han Milorggrupper som fekk ymse oppgåver innan motstandsrørsla. Han forsynte seg mellom anna grovt av våpen som var inndregne, og ei tid hadde han ein heil ammunisjonsfabrikk mellom tyske vakter på arbeidsstaden sin på Zinken i Odda. Men Lars fekk betala dyrt for motstandsarbeidet sitt. Han vart tilslutt teken av tyskarane og var innom fleire fangeleirar før han hamna på Falstad , som var den verste fangeleiren her i landet. Torturen bar han mein av resten av livet, men knekkja han det makta dei ikkje. Det var tanken om eit fritt Noreg og dei som var att heime som heldt han oppe. Om tida som motstandsmann fortel han i boka Fem år med fing´en på avtrekkaren . Diktaren Lars Øye Lars Øye var utdanna lærar ved Stord Lærarskule. I 1928 fekk han lærarpost i Odda. Lars Øye viste tydeleg stor interesse for Norskdom og frilyndt ungdomslagsarbeid. Det heilnorske språket som Ivar Åsen hadde kjempa fram på slutten av 1800 talet låg Lars Øye sitt hjarta nær. Han visste å setja pris på landet sitt, og dette gjekk som ein raud tråd igjennom hans liv og virke. Lars var ein mykje brukt talar i mange høve, som ved jubileumstilskipingar i ungdomslag, skyttarlag, mållag o.l. Lars Øye gav ut tre diktsamlingar, Nakne Ord , Vassing i velstand og Sus av sanning . Diktsamlingane hans inneheld bitande samtidssatire, sogedikt, livsfilosofi og naturdikt. Bokmannen og kunstskjønaren Johan Bleie skriv: Høgst tykkjer eg Øye når i fjelldikti. Der gjev han fjellet , skirsla og helgereint, opplevt med alle sansar, versi er meisla til , vedunderleg einfelt og naturleg . Fem år med fing´en på avtrekkaren kom ut på det Norske Samlaget i 1988. Boka er ei skildring av korleis han opplevde okkupasjonsåra 1940 - 45. Ei bok som tydeleg viser hans forakt for den tyske okkupasjonsmakta, og den stadige kampen for eit fritt Noreg. Dette skulle kosta mykje, men den kostnaden tok Lars i forvissning om at det han kjempa for var det rette.

Tillitsvalde 2018

Lars Øye museet

Kartinformasjon

Formenn frå 1887

Heidersutmerkingar

Skytebanar